God start på DOKFOTO2014

Fyrste kveld på DOKFOTO er over, og med ein fullsett sal vart det både tårer og latter i løpet av kvelden. Med dei to veldig kontrastfylte fotografane Mary F. Calvert og Peter Dench, har det vore eit variert og underholdande program, som kan passa for dei fleste.

Mary F. Calvert viste sterke bilete som set kvinner i fokus, og viste eit sterkt engasjement rundt bileta sine. Ho har dekt saker om valdtekt i både Kongo og det amerikanske militæret. Ein av dei sterkaste seriane ho viste var Trail Of Tears: Obstetric Fistula, der ho følger kvinner som har fått sjukdommen Obstetric Fitsula. Dette gjer at dei ikkje greier føda, påfører dei mykje smerte og gjer at dei blir sosialt utestengt i samfunnet. Ho har vunne mange prisar, og blitt nominert for pulitzer to gongar. Det var fleir som blei bevegd av bileta hennar.

Mary F. Calvert with her series Trail of Tears © Vilde Borse

Mary F. Calvert with her series Trail of Tears © Vilde Borse

Peter Dench snudde kvelden på hovudet, med sin britiske humor satte han den engelske drikkekulturen på spissen. Han fokuserer mykje på heimlandet sitt gjennom seriar som DrinkUK, LoveUK, FashionUK og EthnicUK. Dench er inspirert av kreativiteten som engelskmennene viser når dei drikk alkohol, og seier sjølv han har måtta kle seg ut som ein skulegut, spiderman, hatt på seg rosa parykk og ingenting i det heile tatt. Han liker sjeldent å gå utanfor grensene til England, men har jobba i over 50 land, der han som regel fotograferer engelskmenn. Han oppsummerer seg sjølv med: “If I can make people laugh, think and have a few drinks along the way, that’s the life for me”.

1

Alt i alt ein vellukka start på festivalen og me gleder oss til fortsettelsen i morgon, med Elles Van Gelder, Ilvy Nijiokiktjien og Mariella Furrer. Hugs å følg oss på Instagram og Facebook.

 

Vilde Borse & Ådne Dyrnesli

Peter Dench

British Abroad : Photoreporter Festival 2013

Foto:Peter Dench

Foto:Peter Dench

PETER DENCH

Peter Dench har i over et tiår dokumentert England på sin egen underfundige måte. Ved å bryte ned historiene tematisk, som i drinkUK og loveUK presenterer han ulike blikk på kulturer i sitt eget hjemland med en god dose humor. Han er er representert av bildebyrået Getty Images og jobber hovedsakelig redaksjonelt, samt reklame og portrett. Dench har jobbet i over femti land, men konsentrerer seg om England. Han har også tilbragt femten måneder med å dokumentere Football´s hidden story om betydningen av sport i ulike omstendigheter, på oppdrag fra FIFA.

Foto:Peter Dench

Foto:Peter Dench