Ein bevegande kveld

Dokfoto er godt i gong for i år, og andre kveld blei eit sterkt møte med fotografane Elles Van Gelder, Ilvy Nijiokiktjen og Mariell Furrer. Fellesnemnaren har vore eit ønske om å visa folk delar av verda som sjeldan blir sett. Med tema som Nazileirar for ungdom, kjønnslemlesting og seksuelle overgrep mot barn bevegde kveldens fotografar mange. Hilde Sandvik hadde Q&A med fotografane etter presentasjonane.

Elles Van Gelder og Ilvy Nijiokiktjen opna kvelden lystig med bursdagsong frå salen. Van Gelder og Nijiokiktjen samarbeider om å ta stillbilete og video. Dei har jobba i lag på fleire prosjekt, men det heile begynte med ein serie om Child Witches i Kongo. Ein sak som fekk lite publisitet. Seinare byrja dei jobba på prosjektet Afrikaner Blood, som omhandlar høgreekstremistiske treningsleirar for ungdom i Sør Afrika. Her blir dei unge gutane opplært til å forsvara seg, og at svarte er barbarar av mindre verd enn kvite. Prosjektet blei til ein multimedia-video som du kan sjå her. Dei viste også bilete frå eit nytt prosjekt som dei jobber med, om spesielle skuleballtradisjonar i ein ghetto i Sør Afrika.

1_1

Mariella Furrer tar opp store og vanskelige tema i fotografiene sine. Ho begynte med eit prosjekt om kjønnslemlesting i Kenya, men fekk tilfeldigvis eit oppdrag om å fotografera Seksuelle overgrep mot barn i Sør Afrika fordi ein kolega var på ferie. Dette blei til eit prosjekt som ho no har brukt 11 år på, og boka My Piece og Sky. Furrer føler ho er nøyd til å visa verda kva som skjer, og håper bileta hennar kan hindra det i å halda fram. Ho har brukt tid både med valdtekstoffer, på institusjonar og til og med i lag med overgriparar. Saken er ikkje god mot ond, seier ho, men heller ein gråsone. Overgriparen kan vera nett som deg og meg.

2

Under spørsmålsrunden fortalte Newsha Tavakolian (står på programmet i morgon) at ho hadde høyrd om Mariella Furrer når ho var 17 år og at Furrer hadde vore ei stor inspirasjonskjelde for ho. I morgon kan du høyra om og sjå bileta til Tavakolian, samt Anna Clarén og Kadir Van Lohuizen, me gler oss.

 

Vilde Borse & Ådne Dyrnesli

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *